Kort fortalt

30 trålarar fiska for over 100 millionar

Godt år for dei største i havfiskeflåten.

NPK
06.01.2022
(NPK): Det var eit godt år for dei største havgåande torsketrålarane i fjor. 36 torske- og seitrålarar fiska for til saman 4,7 milliardar kroner.

30 av 36 torske- og seitrålarar har fangstinntekter over 100 millionar kroner, og fleire kan ha passert 200 millionar, melder Fiskeribladet.


Dette kjem fram av tala som nettstaden Fangstdata har presentert for året 2021. Nettstaden byggjer oversikta si på tal frå Fiskeridirektoratet og utrekna prisar for landingar eitt år tilbake i tid.

Utrekningane er omtrentlege og gir ikkje dei heilt nøyaktige fangstinntektene til trålarane, men det gir likevel eit bilete på kva båtar som dreg inn mest pengar. Største inntekter hadde "Nortind" med ein fangst på 12.245 tonn til ein estimert verdi av 183 millionar kroner.

- Prisane er ikkje 100 prosent nøyaktige. Dei er meinte å gi ein ide om prisar, fordi fiskeprisar mindre enn eitt år gamle er sensitiv forretningsinformasjon, og Fiskeridirektoratet gir ikkje ut slike opplysningar.

Truleg er inntektene som er med i utrekningane for låge. Lerøy Havfisk tronar øvst på lista med fleire trålarar, som til saman har fiske 87.000 tonn i 2021. Fangstane har ein verdi på rundt 1,5 milliardar kroner.

(©NPK)

Publisert: 06.01.2022 13:07

Sist oppdatert: 06.01.2022 13:09

Mer om