NPK-NTB: 455 lokalpolitikarar har meldt seg ut av det partiet dei vart valde inn for i siste periode, viser ei kartlegging NRK har gjort. Venstre har flest avhopparar.
Talet på lokalpolitikarar som har bytt parti, utgjer 4,3 prosent av kommunestyrerepresentantane i landet, viser kartlegging. Alle norske kommunar har svart kanalen.
Sidan vi har personval i Noreg, held dei utmelde representantane fram å møte i kommunestyra. Enkelte har dermed fått mykje større makt enn dei hadde før dei melde seg ut. I enkelte kommunar skal det berre éi stemme til for å endre konklusjonen i viktige saker.
Mellom anna avgjorde ein utmeld kommunesamanslåinga i Forsand kommune, og i Rauma melde ein representant seg ut dagen etter valet og avgjorde ordførarvalet. I Gran melde ein Frp-politikar seg ut av partiet og støtta ein Ap-ordførar, ifølgje NRK.
Kanalen skriv at det òg er mange varamedlemmer som har meldt seg ut av partiet sitt dei siste fire åra, noko som betyr at det totale talet er høgare enn 455.
Det er Venstre som har flest avhopparar i forhold til talet på kommunestyrerepresentantar, med 11 prosent. Frp følgjer etter med 9,4 prosent, viser kartlegginga, som gjeld for perioden frå valet 2015 ut mai 2019. Dei fleste held fram som uavhengige, men nokre skiftar òg parti.

Publisert: 11.06.2019 08:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34