Kort fortalt

5,3 millionar til Vestnorsk fjordlandskap

65 millionar til verdsarvstadene.

08.03.2021

Det skal delast ut over 65 millionar kroner til dei åtte norske verdsarvstadene, melder Riksantikvaren.

Kvart år får verdsarven i Noreg tilskot over statsbudsjettet. Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for oppfølging av dei norske områda på Unescos verdsarvliste.

Mykje av beløpet vil gå til bevaring av bygningar, veg og bryggjer. Bergkunst i Alta, Urnes stavkyrkje og Bryggen i Bergen er blant desse.

– Når smittevernsituasjonen igjen opnar for at vi kan reise i Noreg, håpar eg endå fleire vil oppsøkje desse verdifulle kulturmiljøa, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Vestnorsk fjordlandskap, inkludert Geirangerfjorden, får totalt 5,3 millionar.

Riksantikvaren opplyser at i Vestnorsk fjordlandskap går eksempelvis mykje av tilskota til istandsetting av bygg, konstruksjonar (for eksempel vegar og brygger) og andre spor etter busetnad.

Publisert: 08.03.2021 18:13

Sist oppdatert: 08.03.2021 18:17