Kort fortalt

50 prosent billegare å feriere i Noreg

– Samtidig får utlendingar besøkje Noreg til halv pris, seier sjeføkonom.

NPK
31.07.2023

(NPK): For nordmenn har det vorte 50–60 prosent billigare å feriere i heimlandet enn å dra til utlandet, samanlikna med nokre år tilbake.

Aldri før har nordmenn reist like mykje i eige land som no. Det heng saman med kronekurs og inflasjon, og er noko nordmenn kan spare mykje på, fortel Kyrre Knudsen, sjeføkonom i Sparebank 1 SR-Bank, til NRK.

– Sett på spissen kan ein seie at det har vorte dobbelt så dyrt for nordmenn å reise til utlandet i forhold til for ti år sidan. Samtidig får utlendingar besøkje Noreg til halv pris.

For i 2013 kosta éin euro 7,8 norske kroner. I 2023 må vi ut med 11,13 norske kroner.

Prisveksten i landa som bruker euroen som valuta, var i mai på 6,1 prosent frå same månad i fjor. Prisstiginga (KPI) i Noreg var i mai 6,7 prosent i forhold til for eitt år sidan.

Samtidig som dette gir eit godt høve for det norske reiselivet å oppleve ein oppgang, trur Knudsen det blir ei utfordring å få tak i nok tilsette når utanlandske sesongarbeidarar ikkje lengre får like godt betalt.

– Nordmenn med tilgang på faste, trygge og godt betalte jobbar vil i for lita grad jobbe innan reiselivet. Vi er derfor ikkje rigga for å handtere den turistboomen som kjem, seier han.

Reiselivsforskar og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, Åsa Helen Grahn, meiner mangelen på arbeidskraft frå utlandet viser at det er viktig å utdanne nordmenn innan reiseliv.

– Eg trur ein av våre største utfordringar i framtida vil vere for få utdanna folk, og dermed for dårleg kunnskap om korleis vi byggjer eit robust og haldbart reiseliv.

(©NPK)

Publisert: 31.07.2023 10:48

Sist oppdatert: 31.07.2023 10:48

Mer om