Kort fortalt

5000 færre norske sjøfolk

Har minka siste ti åra.

NPK
18.06.2021

(NPK): På ti år har talet på norske sjøfolk minka med 5000.

Frå 2010 til 2020 har det gått frå 23.278 norske sjøfolk til 17.640, skriv Skipsrevyen.

Rasjonalisering, automatisering, effektivisering, digitalisering og strukturering er nokre av årsakene til nedgangen.

Skipsrevyen skriv også at myten om at utanlandsk arbeidskraft tek jobbane frå norske sjøfolk, ikkje er hald i.

I 4. kvartal 2015 utgjorde delen maritime lønstakarar ikkje-busett i Noreg 14,8 prosent. I 4. kvartal 2020 var same del 11,4 prosent.

(©NPK)

Publisert: 18.06.2021 09:50

Sist oppdatert: 18.06.2021 09:54

Mer om