Kort fortalt

6,5 prosent auke i skatteinnbetalingane

689 milliardar kroner i skatt hittil.

18.10.2018
NPK-NTB: Samanlikna med den same perioden i fjor utgjer det ein auke på 42 milliardar kroner.
Store delar av dei samla skatteinnbetalingane har gått til staten og folketrygda, som kvar for seg har tatt imot 30 og 38 prosent av det samla beløpet, viser ved utgangen av september i år som Statistisk sentralbyrå publiserte torsdag.
Drygt ein femdel har blitt fordelt på kommuneforvaltninga. Desse skattane varierer i mindre grad enn innbetalingane frå petroleumssektoren.
Høgare oljeprisar enn i fjor har bidratt til auka skatteinntekter frå petroleumssektoren. Så langt i år er det betalt inn 72 milliardar kroner i petroleumsskatt, viser skatterekneskapen.
Til samanlikning var det betalt 41 milliardar kroner på det same tidspunktet i fjor. Denne kraftige auken fører til at petroleumsskattane utgjer drygt 10 prosent av dei samla skatteinnbetalingane så langt i år.

Publisert: 18.10.2018 12:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37