NPK-NTB: Bruken av mellombels tilsette har ikkje endra seg vesentleg etter endringane i arbeidsmiljølova i 2015, blir det slått fast i ein Fafo-rapport.
Kritikken frå venstresida og arbeidstakarorganisasjonane var hard då Høgre/Frp-regjeringa i 2015 endra arbeidsmiljølova og opna for mellombelse tilsetjingar i inntil eitt år utan noka særskilt grunngjeving.
No konkluderer Fafo i sin rapport «Tilknytingsformer i norsk arbeidsliv» med at delen mellombels tilsetjing har halde seg stabil dei siste ti åra. I perioden 2009 til 2017 oppgir mellom 8 og 9 prosent av lønnstakarane at dei har mellombels tilsetjing.
Talet for 2017 var 8,4 prosent. Dette er rett nok litt høgare enn i 2014 og 2015, men litt lågare enn i 2016. Delen er lågare i dag enn på 1990-talet eller i dei første åra etter tusenårsskiftet, går det fram av rapporten.
Delen mellombelse tilsetjingar er høgast blant unge arbeidstakarar. For desse har det vore ein liten vekst i mellombels tilsette dei siste tre-fire åra.
Kvinner utgjer ein stad mellom 55 og 60 prosent av dei mellombels tilsette. Delen er i hovudsak stabil over tid og speglar av at mellombelse tilsetjingar er mest vanleg i bransjar med mange kvinner, blant anna helsetenester og sosiale tenester, heiter det i rapporten.

Publisert: 06.11.2018 15:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36