Kort fortalt

89 millionar til amoniakk-prosjekt

Skal teste ammoniakk-bunkring og drift på skip i stor skala.

NPK
08.09.2021

NPK: Sintef skal jobbe med å løyse forskingsutfordringar knytt til bruk av ammoniakk som nullutsleppsdrivstoff for skipsfarten.

Prosjektet Ammonia Fuel Bunkering Network har fått 89 millionar kroner frå staten gjennom Grøn plattform-ordninga.

Prosjektet består av ein industridel og ein kompetansedel. Industridelen er leidd av Azane Fuel Solutions (eit samarbeid mellom ECONNECT Energy og Amon Maritime) og skal utvikle og demonstrere eit ammoniakkdrivstoff-bunkernettverk for skip. Sintef styrer kompetansedelen, med fokus på å løyse ei rekke tekniske utfordringar og sikkerheitsspørsmål ved design og bruk av ammoniakkdrivne motorar og brenselceller.

– Vi har lenge visst at ammoniakk har potensial som nullutsleppsdrivstoff, og vi er veldig glade for å starte arbeidet med å få det til å bli ein realitet og gjere dekarbonisering av skipsfartsindustrien mogleg, seier Sintef-forskar Cecilia Gabrielii.

– Azane Fuel Solutions vil utvikle, byggje, teste og drive den første bunkringsterminalen i ei norsk hamn, under reelle forhold, seier Miriam T. Wennberg, økonomidirektør i ECONNECT Energy.

Terminalen skal vere klar og i drift så tidleg som 2023.

Publisert: 08.09.2021 12:52

Sist oppdatert: 08.09.2021 12:55