Kort fortalt

9 av 10 vel skiferie i Noreg

Fleire veljer kortreist.

NPK
09.01.2023
(NPK): Jule- og nyttårshelga var ein opptur for mange av dei store norske skianlegga. No ser det ut til at dei gode tala besøkjande vil halde fram.

Ifølgje ei undersøking gjennomført av Kantar Sifo for Skistar i forkant av vintersesongen har nordmenn vorte meir klar over å velje kortreiste destinasjonar når dei skal på vinterferie, skriv Nationen.

I undersøkinga svara 9 av 10 nordmenn som skal på skiferie denne sesongen at dei vel skianlegg i Skandinavia. Over 80 prosent av nordmenn synest kort avstand og reisetid er viktig ved val av skidestinasjon. Fleire peikar også på den økonomiske gevinsten ved å reise på skiferie i Skandinavia.

– Den store interessa for kortreiste skidestinasjonar stemmer godt overeins med eit auka tal bestillingar for sesongen. Vi registrerer stor etterspurnad etter ferie i fjellet, og bookingane for vintersesongen er heile sju prosent høgare enn ved same tidspunkt for sesongen 2019/2020 – det vil seie før pandemien. Det er høgt trykk på alle våre destinasjonar, særleg for vinterferien, seier administrerande direktør i Skistar, Stefan Sjöstrand til Nationen.

Kantar Sifo-undersøkinga bygde på om lag 1000 intervju med nordmenn og svenskar i alderen 18 til 79 år.

(©NPK)

Publisert: 09.01.2023 08:22

Sist oppdatert: 09.01.2023 08:24

Mer om