Kort fortalt

Aalesund Seafood auka salet

Heileigde Brødr. Aarseth på Ellingsøya trekte resultatet ned.

19.04.2023

Aalesund Seafood har tradisjon heilt tilbake til 1971, då selskapet dreiv med kjøp og sal av båtar. Men etter kvart bygde selskapet seg opp som eit fiskeriselskap med kjøp og sal av fisk, i tillegg til å eige båtar sjølv.

I fjor enda omsetninga på 482,7 millionar kroner, ein auke på 121,6 millionar frå året før.

Mykje av salet går til England, Kina, Portugal og Spania.

Konsernet eig 100 prosent av klippfiskprodusenten Brødr. Aarseth på Ellingsøya, som også hadde god omsetningsvekst, men som likevel gjekk på eit lite tap.

Konsernet hadde derimot eit resultat før skatt på 8,6 millionar kroner. Samla eigenkapital er på 26,5 millionar kroner, og langsiktig gjeld null.

Aalesund Seafood er eigd 50 prosent av portugisiske Cashide & Roaldao S.A. Grupomar og 50 prosent av Aalesund Shipping Group. Bak sistnemnde står Bjørn Kåre Eikrem med 45,7 prosent, medan Kåre Eikrem har 29,4 prosent, der 19,4 prosent er A-.aksjar. Andre aksjonærar er Linda Marie Kofstadmoen og Kathrine Andreassen.

Aalesund Seafood (konsern)
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 482,7 361,1
Driftsresultat 11 9,5
Resultat før skatt 8,6 8,8
Brødr. Aarseth
Driftsinntekter 221,9 126,9
Driftsresultat 0,1 -0,4
Resultat før skatt -0,05 -0,1

Publisert: 19.04.2023 12:30

Sist oppdatert: 19.04.2023 13:08

Mer om