(NPK-NTB-NETT.NO): 6,4 millionar overnattingar i norske bustader og fritidsbustader vart bestilte gjennom delingsplattformene som Airbnb i fjor. Det var ein auke på 36 prosent.
Vestland har flest overnattinga via desse delingsplattformene med knappe 1,2 millionar besøk. Møre og Ronmsdal har færrast med drygt 273.000 slike overnattingar i fjor.
Per månad vart det i gjennomsnitt bestilt ein halv million overnattingar via delingsplattformer som Airbnb, Booking.com, Expedia og Tripadvisor i 2023, ifølgje eksperimentell statistikk frå Eurostat som SSB refererer frå.
– Utleige via delingsplattformer har teke seg opp og overgår no nivåa frå før pandemien, seier rådgivar Boyd Oyier i Statistisk sentralbyrå.
– Dårlegare økonomi blant nordmenn førte nok også til at fleire valde å leige ut bustadene og fritidsbustadene sine, legg Oyier til.
Av dei 6,4 millionar overnattingane i norske heimar og fritidsbustader i 2023, var nesten 4,4 millionar gjennomførte av utanlandske gjester – ein auke på 44 prosent frå 2022. 2 millionar overnattingar vart gjennomførte av norske gjester.
Tala frå Eurostat viser at det var flest overnattingar i Vestland fylke med 19 prosent av alle overnattingane etterfølgd av Oslo med 17 prosent.
(©NPK)
Publisert: 03.12.2024 10:31
Sist oppdatert: 03.12.2024 10:31