NPK-NTB: Talet på romdøgn som vart reservert gjennom utleigetenesta Airbnb, steig med 45 prosent i 2018 samanlikna med året før.
Til saman var det i Noreg i fjor nesten 4,5 millionar selde romdøgn gjennom Airbnb, viser tal analysebyrået Capia har kome fram til på oppdrag frå NHO Reiseliv. Det utgjer ein femdel av overnattingsmarknaden.
Direktør for NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, er bekymra over utviklinga.
– Airbnb utgjer no ein reell trussel for den etablerte hotellmarknaden, som openbert misser gjester til Airbnb. No må norske styresmakter setje i verk rapporteringsplikt for inntektene til Airbnb-utleigarane, og for all del ikkje gjere noko som kan forverre konkurransesituasjonen til hotella, seier ho.
I Danmark, der Airbnb-kapasiteten er større enn heile hotellnæringa, får Airbnb rapporteringsplikt for alle inntekter kvar utleigar får frå 1. juli. Her til lands har regjeringa foreslått det same frå 1. januar 2020.
Capia bereknar at den samla inntekta frå Airbnb-utleige er på 2,3 milliardar kroner. Det er ein auke på 40 prosent samanlikna med året før. Den skattepliktige inntekta er på 1,8 milliardar.

Publisert: 17.06.2019 17:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34