Kort fortalt

Aker treng 30.000 oljearbeidarar årleg

Stor aktivitet på sokkelen framover.

NPK
06.02.2023
(NPK): Aker BP satsar stort på ny olje- og gassutvinning på norsk sokkel og treng svært mange nye arbeidarar, skriv NRK.

– Vi kjem til å trenge 150.000 nye årsverk, fortel Aker BP-sjef Karl Johnny Hersvik. Det svarer til i snitt 30.000 tilsette kvart år fram til 2027.

Yggdrasil er den største utbygginga, eit omfattande felt rett vest for Bergen. Her skal det borast 55 brønnar og byggjast ut fleire plattformer.

Dei nye olje- og gassfelta skal driftast av straum frå land. Kor mykje straum felta vil trenge oppgir ikkje selskapet, men det er snakk om omfattande prosjekt med stort behov for energi.

(©NPK)

Publisert: 06.02.2023 10:33

Sist oppdatert: 06.02.2023 10:35

Mer om