Kort fortalt
Aksjekjøp for Hofseth Biocare-sjefen
Handla for kring 200.000 etter rekyl.
Marius Rosbach
30.12.2022
Eit selskap eigd av administrerande direktør Jon Olav Ødegård i Hofseth Biocare handla fredag 70.000 aksjar i selskapet til 2,91 kroner per aksje.
Selskapet Ødegård Prosjekt betalte med andre ord drygt 203.000 kroner for aksjane. Etter kjøpet kontrollerer Ødegård direkte, eller indirekte aksjar som svarar til kring ein prosent av selskapet, ifølgje ei børsmelding.
Hofseth Biocare-aksjen hadde ein god start på børsen fredag. Ved 11.30-tida hadde selskapet stege nye 6,38 prosent til 3 kroner, etter at kursen skaut opp med nær 13 prosent dagen i forvegen.
Tidlegare i veka var aksjekursen nede på sitt lågaste sidan juni 2019.
Les også
Publisert: 30.12.2022 11:37
Sist oppdatert: 30.12.2022 11:42