Kort fortalt
Aksjonerer for tryggare Strynefjellsveg
Lastebilkonvoi på søndag.
25.05.2021
Ein rassikker rv. 15 over Strynefjellet er bodskapen når Norges Lastebileier-forbund søndag arrangerer ein open konvoi i området.
Kravet er at ein rassikker rv. 15 over Strynefjellet med ein arm til Geiranger blir prioritert i Nasjonal transportplan 2022-2023, skriv Fjordingen.
– Vegnettet i Vestland er blant dei mest rasutsette i Noreg. Det er grunn til å tru at klimaendringar vil føra til auke av ras- og skredfare. Vestlandet er ein av dei regionane som vil møte dei største utfordringane, heiter det i ei pressemelding frå Norges lastebileier-forbund (NFL) sitert av avisa.
Publisert: 25.05.2021 17:00
Sist oppdatert: 25.05.2021 17:01