Kort fortalt

Aksjonerte mot fiskesmuglarar

Stoppa med 102 kilo sild og makrell.

04.10.2019
NPK: Tolletaten og Fiskeridirektoratet har slått seg saman for å avdekke forsøk på å smugle såkalla turistfisk ut av Noreg.
I ein samarbeidsaksjon i september vart ein bil frå Litauen stoppa på Ørje med 102,5 kilo makrell og sild om morgonen 16. september.
– Vi prioriterte denne gongen kontroll av fisketuristar som forlèt Noreg via grenseovergangar på Austlandet og Vestlandet. At det berre vart eitt beslag, tyder på at fleirtalet av dei kontrollerte fisketuristane kjenner regelverket og har tilpassa seg kvotane, seier divisjonsdirektør Heidi Vildskog i Tolletatens grensedivisjon.
har så langt i år gjort 77 beslag av i alt 9,1 tonn turistfisk.
I vekene 38 og 39 vart det gjennomført fleire kontrollar på riksveg 2 ved Eda, E6 ved Svinesund, E18 ved Ørje og dessutan på ferjekaiene i Bergen, Oslo og Stavanger. Om lag 150 køyretøy med turistar som hadde med fisk, vart stoppa og kontrollerte i samband med aksjonen.
– Vi er heilt avhengig av samarbeid på tvers av etatane for å kunne stoppe ulovleg utførsel av fisk frå Noreg, seier Thord Monsen, seksjonssjef for kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet.
Utførselskvoten er 20 kilo for gjester ved registrerte turistfiskebedrifter, og 10 kilo for alle andre. Turistfiskarar skal dokumentere at fisket har skjedd i regi av ei registrert turistfiskebedrift.
Avgrensinga gjeld innanfor ein periode på sju dagar. Du kan ikkje lenger ta med troféfisk i tillegg til utførselskvoten.
(©NPK)

Publisert: 04.10.2019 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32