Kort fortalt

Algar i øl, brød og dyrefôr

Forskarar har trua.

26.06.2018
NPK: Matforskarar frå fleire land deltek no i eit stort norsk-leia prosjekt for å utvikle ein berekraftig mikroalgeindustri. Mellom anna ser dei på om algane kan erstatte soyaimport til dyrefôr.
– Vi er på jakt etter ei proteinkjelde for framtida. Mikroalgar kan vere eit berekraftig og billig proteinmateriale. Dei kan dyrkast i lukka reaktorar, og fôrar ein dei med CO₂, lys og litt mineral, får ein ut ein ingrediens med veldig høgt proteininnhald, seier Anne Kjersti Uhlen, som er forskar ved matforskingsinstituttet Nofima, til
Ho er ein av forskarane som deltek i det store forskingsprosjektet som er finansiert av Forskingsrådet og leia av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Forskingsinstitusjonar og forskarar frå Noreg, Nederland, Portugal og Japan er involverte i samarbeidet.
– Målet er at vi skal få berekraftig mikroalgeindustri innan ti år. Det er inga plante som produserer like mykje biomasse på så kort tid som mikroalgen, seier Stig A. Borgvang ved NIBIO, som er leiar for prosjektet, til avisa.
Sjølve algeproduksjonen går føre seg i reaktorar, der det er algar i røyr. Sollys, vatn og CO₂ blir i hovudsak brukt i produksjonen. Forskarane prøver òg å finne dei rette kombinasjonane for i første omgang å produsere dyrefôr, øl og brød.

Publisert: 26.06.2018 07:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38