Kort fortalt

Ammoniakk kan bli gjødsel

Kan omdanne ammoniakk frå oppdrettsnæringa.

NPK
26.03.2024

NPK: Ei gruppe forskarar har greidd å omdanna det giftige stoffet ammoniakk til næringsrik gjødsel ved hjelp av algar.

– Me har hausta og analysert biomassen, og me ser at ho er dominert av kiselalgar. Desse algane er rike på protein og lipid, og har i nyare forsking vist stort potensial som fiskefôr, seier forskar Charlotte Volpe i Sintef til Gemini.

Forskargruppa har sett på anlegga til Hardingsmolt der vatnet inneheld mykje næring. Hovudfokuset deira har vore å sjå på korleis ein kan reinsa vatn i RAS-anlegg på ein naturleg måte ved hjelp av dei mikrobakteriane som lever der. Eit RAS-anlegg er ei forkorting for eit resirkulerande akvakultursystem på land som gjenbrukar vatn.

I anlegget finst det mellom anna fosfat, ammoniakk, nitrat og fiskeavføring.

Forskarane testa om ein kunne bruka nitrogen og CO2 i vatnet frå RAS-anlegga til å laga ein algebiofilm ein kan hausta av og bruka som gjødsel eller fôringrediens.

– Me såg akkurat same resultat på lab som i felt. Dette bekreftar at me har eit fint oppsett på laboratoriet som kan brukast til framtidig forsking på RAS-system, seier Volpe.

Publisert: 26.03.2024 12:18

Sist oppdatert: 26.03.2024 12:18