Kort fortalt

Ankar korallrev-avgjerd

Kinn-oppdrettarar ankar saka.

NPK
25.03.2022

Dei tre oppdrettarane som saksøkte staten etter dei fekk nei til å drive oppdrett utanfor Husevågøy i Kinn kommune, ankar saka etter at dei tapte første runde i Hordaland tingrett.

Bakgrunnen for striden var at det vart oppdaga eit stort rev av blomkålkorallar ved oppdrettsanlegget, som er eigd av Troland Lakseoppdrett AS, Langøylaks AS og Austevoll Melaks AS. Revet skal vere 1,5 kilometer langt.

Styreleiar Carl-Erik Arnesen i Troland Lakseoppdrett AS uttalar seg på vegner av dei tre oppdrettarar.

– Som oppdrettarar er vi like opptekne av naturen som både miljøstyresmaktene og innbyggjarane elles. Det er vår oppfatning, etter grundige undersøkingar av uavhengige fagkonsulentar, at verksemda vår ikkje vil påverka korallane, skriv Arnesen i ein e-post til Bergens Tidende/E24.

Arnesen meiner føre-var-prinsippet er eit godt prinsipp, men at staten i dette tilfelle har teke det for langt.

– Det dukkar opp korallar på stadig nye stader. På Husevågøy kunne det vere sjanse til å byggje vidare på den alt opparbeidde kunnskapen, også gjennom overvaking, skriv Arnesen i e-posten.

Publisert: 25.03.2022 14:30

Sist oppdatert: 25.03.2022 14:43

Mer om