Kort fortalt

Anslår ein prisvekst på 2,6 prosent

Nytt anslag ligg godt under regjeringa sitt.

Marius Rosbach
15.02.2021

(NPK-NTB): TBU anslår ein prisvekst på 2,6 i år. Det er godt under anslaget til regjeringa på 3,5 prosent i nasjonalbudsjettet i fjor haust.

Det kjem frå i den førebelse rapporten til Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU), som vart lagt fram måndag, og som er ein viktig premiss føre årets lønnsoppgjer.

TBU sørgjer for at partane har likt talgrunnlag og ei mest mogleg felles forståing av situasjonen i norsk økonomi før oppgjeret startar.

Årets oppgjer er eit mellomoppgjer, noko som betyr at det berre skal forhandlast om lønn. Oppgjeret startar med kravoverrekking 15. mars.

Publisert: 15.02.2021 15:10

Sist oppdatert: 15.02.2021 16:05

Mer om