Kort fortalt

Antatt omkome frå Ålesund-båt

Latvisk fiskar fall over bord.

Marius Rosbach
31.01.2023

Ein fiskar i 30-åra frå Latvia er truleg omkome etter å ha falle over bord frå Ålesund-trålaren MS Hunter. Det opplyser Troms politidistrikt i ei pressemelding tysdag.

Båten er eigd av Havøy Kystfiske i Ålesund og var på krabbefiske i Barentshavet da hendinga - som politiet ser på som ei arbeidsulukka - skjedde. Etterpå vart det gjort søk i området som vart koordinert av Hovudredningssentralen i Nord-Norge, utan at mannen vart funne.

Dei pårørande i utlandet er varsla, og politiet jobbar med å varsle familiane til andre tilsette på båten, opplyser politiadvokat Jacob Bergh.

Hendinga blir etterforska vidare av politiet, som vil få bistand av Kystvakta for vidare arbeid på staden. Arbeidsulukka vil óg bli undersøkt av Statens Havarikommisjon.

Retting: Troms politidistrikt opplyste først at mannen var frå Litauen. Det er uriktig og vart retta ved 16-tida tysdag.

Publisert: 31.01.2023 14:38

Sist oppdatert: 31.01.2023 23:01

Mer om