Kort fortalt

Ap bykser fram på ny måling

Igjen jamstore med Høgre

Marius Rosbach
11.02.2021

(NPK-NTB-Bibiana Piene): Arbeidarpartiet aukar oppslutninga si med heile 5,5 prosentpoeng i ei fersk meiningsmåling. – Eit resultat av hardt arbeid, meiner Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre gleder seg ikkje uventa over målinga, der Ap igjen er jamstore med Høgre med 24,6 prosent.

– Ei hyggjeleg måling som peikar i rett retning, seier han til NTB.

– Eg har tru på at hardt arbeid gir resultat. Og vi har arbeidd hardt, seier han.

På målinga som Opinion har gjort for FriFagbevegelse, Dagsavisen og Avisenes Nyhetsbyrå (ANB), styrkar Ap seg kraftig frå botnnoteringa på 19 prosent i januar.

Høgre får ei oppslutning på 25,1 prosent, den svakaste sidan august 2019, med ein tilbakegang frå førre måling på 1,8 prosentpoeng.

Ned frå gjerdet
Ifølgje Støre viser målinga at både oppslutninga om og lojaliteten til Ap har auka, og at veljarane er på veg ned frå gjerdet.

– Dette er ei enkeltmåling, men dei siste målingane har peika i denne retninga. Fleire av dei som har vore uvisse, seier no at dei vil stemme Ap. Det er mellom anna eit resultat av at Ap har stått på for ein meir rettferdig krisepolitikk, seier Ap-leiaren.

I tillegg har støyen som i lang tid har prega partiet, no lagt seg. Det er no full samling i Ap om retninga vidare, ifølgje Støre.

– Vi har lagt bak oss saker som veljarane ikkje er opptekne av, seier Støre diplomatisk.

– Vi har no eit samla parti med fokus på politikk og vanlege folks problem, helse, skule og omsorg, og ein rettferdig klimapolitikk som kuttar utslepp og skaper jobbar. Når vi når ut med denne bodskapen til veljarane, sluttar dei opp om oss, konkluderer han.

Sp ned
Senterpartiet taper oppslutning og fell 1 prosentpoeng til 19,1 prosent.

Også Framstegspartiet fell med 1,7 prosentpoeng til 8,1 prosent, og Raudt med 1,5 prosentpoeng til 2,9 prosent.

Endringane for dei andre partia er små og godt innanfor feilmarginen: SV får 7,6 prosent (-0,6), Venstre 3,2 (+0,6), Kristeleg Folkeparti 3,2 (-0,2) og Miljøpartiet dei grøne 4 (+0,5). Samlegruppa for andre småparti endar på 2,5 prosents oppslutning, opp 0,1 prosentpoeng frå førre måling.

Partibarometeret for februar er basert på 964 telefonintervju. Intervjua er gjennomførte 1.–8. februar. Feilmarginen er på mellom 1 og 3 prosentpoeng.

(©NPK)

Publisert: 11.02.2021 08:56

Sist oppdatert: 14.02.2021 22:16