Kort fortalt

Ap har framleis flest ordførarar

Har 144 ordførarar trass dårleg val.

14.10.2019
NPK-NTB: Arbeidarpartiet har no 144 ordførarar og dermed flest ordførarar i landet trass eit dårleg lokalval. Seks kommunar har ikkje avklart kven som blir ordførar.
Ap vil òg i kommande fireårsperiode vere det største ordførarpartiet, med 144 ordførarar mot 132 frå Senterpartiet, viser ei oppteljing frå .
Per 14. oktober er det avgjort kven som blir ordførar i 350 av 356 kommunar.
Ein av grunnane til at Ap beheld såpass mange ordførarar, er samarbeid på tvers av partifløyer. I minst ni kommunar der Ap får ordføraren, er Frp med på å sikre fleirtal i kommunestyret. I seks av desse har Frp fått varaordføraren.
I valet i 2015 vann Ap 203 av 428 ordførarsete. Det svarer til 47 prosent av ordførarane i landet. Per 14. oktober ligg dei an til å få 41 prosent. Senterpartiet vil etter valet i år ha fått minst 132 ordførarar. Det utgjer 38 prosent og er ein kraftig oppgang. Mellom 2015 og 2019 har Sp hatt 106 ordførarar, eller 24,5 prosent.
– Vi fekk over 200 ordførarar etter valet i 2015 og skulle sjølvsagt gjerne sett ein reprise på det. Men grunna valresultatet vi fekk, trur eg vi skal vere nøgde med at vi har forhandla oss i posisjon i mange små og store kommunar rundt om i landet, seier partisekretær Kjersti Stenseng i Ap til NRK.
Talet på ordførarar frå resten av partia per 14. oktober:
Høgre: 35 ordførarar, KrF: 10, SV: 5, Venstre: 2, Frp: 2, MDG: 1, og Andre: (bygdelister etc.) 19.

Publisert: 14.10.2019 17:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32