Kort fortalt

Ap og Frp har ikkje gitt opp

Er kraftig provosert av Senterpartiet.

Marius Rosbach
10.09.2019
Ap og Frp vil saman med dei andre småpartia forsøke å vippe Høgre og sentrumspartia vekk frå makta i Møre og Romsdal med eit valteknisk samarbeid.
– Når folk behandlar oss som dritsekkar, må dei rekne med at vi tek igjen. I går kveld kom Senterpartiet til oss og bad oss om støtte, utan at dei var villige til å tilby oss noko som helst. Slikt finn eg meg ikkje i, seier Frank Sve (Frp) til .
Høgre, Sp, KrF og Venstre er samde om ein politisk plattform, men manglar fire representantar for å få fleirtal.
Tove Lise Torve (Ap) seier til avisa at dei er provosert av korleis Sp har danna ei blokk med KrF og Venstre, etter at dei var samde om å snakke saman.
Ho trur ikkje det er mogleg å få til ei politisk avtale mellom parti som kan sikre eit fleirtal i fylkestinget. Det betyr at eit valteknisk samarbeid er einaste løysing for å fordele maktposisjonane.
Ap og Frp har fått inn til saman 17 representantar, og vil forsøke å samle minst sju stemmer frå nokre av dei mindre partia Sosialistisk Venstreparti (2 rep.), Nordmørslista (2 rep.), Miljøpartiet De Grønne (2 rep.), Uavhengig valliste for Sunnmøre (1 rep.), Sunnmørslista Tverrpolitisk liste for Sunnmøre (1. rep.), Rødt (1. rep.) og Pensjonistpartiet (1 rep.).

Publisert: 10.09.2019 12:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32