Kort fortalt

Ap snur om ny postlov

Vil likevel ha fem dagar ombering.

15.05.2019
NPK-NTB: Arbeidarpartiet vil ikkje lenger støtte regjeringsforslaget om å halvere talet på postomdelingsdagar.
Forslaget til regjeringa om endringar i Postlova skal opp til behandling på Stortinget om to veker. Arbeidarpartiet har fram til no sagt at dei støttar forslaget, men no har partiet snudd, skriv Klassekampen.
– Vi vil fremme eit forslag om å halde oppe fem dagar ombering inntil vi kan vere sikre på at heile landet har fått eit tilfredsstillande digitalt breibandtilbod, seier stortingsrepresentant Øystein Langholm Hansen (Ap) til avisa.
Langholm Hansen seier dei tidlegare standpunkta til partiet var grunngitte i den kraftige nedgangen i brevvolumet.
– Eg er ikkje så engsteleg for situasjonen til posten, men er bekymra for utfordringane som abonnementsavisene vil få dersom omlegginga skjer for raskt. Media har ein viktig funksjon for demokratiet og den offentlege dialogen, seier han.
Frå 1. juli 2020 foreslår regjeringa at det berre skal delast ut aviser, brev og annan post tre gonger i veka: tysdag, torsdag og laurdag.
Regjeringa har anslått at staten vil spare rundt 250 millionar kroner i året på å halvere postomberinga.

Publisert: 15.05.2019 09:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34