NPK-NTB: Utrekningar frå Handel og Kontor viser at 30.000 arbeidsplassar vil forsvinne frå norsk varehandel dei neste ti åra.
Å jobbe i butikk er Noregs vanlegaste arbeidsplass i privat sektor, skriv Klassekampen. I alt 376.100 personar, tilsvarande 13,3 prosent av alle som har jobb, tener til livsopphaldet sitt i varehandelen, viser tal frå arbeidsgivarforeininga Virke.
Talet er fallande. I fjor forsvann 2.600 arbeidsplassar på grunn av konkursar i varehandelen, opplyser fagforeininga Handel og Kontor. Etter at kosmetikkjedene Loco og Vita vart slått konkurs måndag, står 1.300 tilsette i fare for å miste jobbane sine.
– Prognosane våre for utviklinga seier at i ein tiårsperiode vil 30.000 arbeidsplassar forsvinne i norsk varehandel, seier leiar Trine Lise Sundnes i Handel og Kontor.
I fjor handla nordmenn for 15,7 milliardar kroner i utanlandske nettbutikkar, ein omsetningsvekst på 22,5 prosent sidan 2011. Til samanlikning har handelen i fysiske butikkar i Noreg auka med 2,1 prosent i same periode. Verdiskapinga i norske butikkar står for nesten 10 prosent av bruttonasjonalproduktet.
Sundnes trekker fram kor viktig bransjen er både når det gjeld integrering og når det gjeld å gi ungdom den første arbeidserfaringa si.
– Det er ikkje noko godt å frykte for jobben sin, men vi er opptatt av at ein ikkje skal få panikk. Vi skal gjere alt i vår makt for å få politikarane til å lytte, seier fagforeiningsleiaren.

Publisert: 23.10.2019 11:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32