NPK-NTB: Av 500 byggjeplassar som Arbeidstilsynet kontrollerte i mai, vart arbeidet på nesten halvparten stoppa. No risikerer 200 verksemder å bli straffa på pungen.
Dei kontrollerte verksemdene fekk arbeid stoppa på grunn av farleg arbeid med sag eller farleg arbeid i høgda, opplyser Arbeidstilsynet på sine måndag.
I fjor tok Arbeidstilsynet i bruk lovbrotsgebyr i langt større grad enn tidlegare når inspektørane avdekte brot på regelverket ved farleg arbeid i høgda. No skjerpar tilsynet reaksjonsbruken også ved farleg arbeid med sag for å få fleire verksemder til å bruke dei nødvendige verneinnretningane.
– Målet med aksjonen er å førebyggje ulykker. Å utsette arbeidstakarane sine for noko så farleg som å jobbe med sag der verneinnretninga er fjerna, må få konsekvensar, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.
Bygg- og anlegg er blant dei næringane med flest rapporterte arbeidsulykker og arbeidsskadedødsfall. Særleg fall fører til flest dødsfall og alvorlege skadar.
Å straffe bedriftene økonomisk har likevel ikkje hatt ønskt effekt – så langt.
– Etter aksjonane i fjor hadde vi håpa på betre etterleving av regelverket enn det vi opplevde i også i denne aksjonen. Arbeidstilsynets mål er ikkje å gi flest mogleg gebyr, men at flest mogleg skal ta sikkerheit på alvor. Derfor er det skuffande at vi også denne gongen finn så mange tilfelle som er så alvorlege at vi må stanse arbeidet eller vurderer å gi lovbrotsgebyr, seier Vollheim.

Publisert: 04.06.2018 20:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39