Kort fortalt

Askeladden er mest populær

Det viser tal frå Småbåtregisteret.

NPK
17.03.2022

Norske småbåteigarar er i all hovudsak menn, snittbåten er på 19 fot og Askeladden er det mest populære merket, viser tal frå Småbåtregisteret.

Småbåtregisteret til Redningsselskapet er ei oversikt over fritidsbåtar opp til 15 meter, og her ligg det informasjon om nærmare 450.000 båtar frå 1970-talet og fram til i dag.

– Vi har jobba ei stund med å systematisere og presentere tala på ein oversiktleg og god måte, og det meiner eg vi har fått til, seier Nicolai Kristiansen, marknadssjef for privatmarknaden i Redningsselskapet.

Gjennomsnittslengda på den norske fritidsbåten er rundt 19 fot, og gjennomsnittet av dei registrerte båtane er bygde i 1995, går det fram av tala. Det er to norske produsentar blant dei mest populære båtmerka.

Askeladden er på topp med Rana på andreplass. På tredjeplass ligg den finske båtprodusenten Yamarin.

– Ein del av informasjonen er nok kjekk å ha, medan annan informasjon hjelper blant anna kommunar med å ta avgjerder om både talet på båtplassar det er behov for og storleiken på dei, seier Kristiansen.

I 2021 vart Småbåtregistreret slått saman med båtregisteret til Securmarks. Også desse båtane er med i tala. Med nær 450.000 registrerte fritidsbåtar meiner Kristiansen at statistikken gir ein god indikasjon på båtmarknaden i Noreg.

– Båtstatistikken vi har lansert er første versjon. Vi har ein intensjon om at vi etter kvart skal presentere ein komplett båtstatistikk, der både talet på båtar i Noreg og kor mange av desse som er registrerte, er med, seier Nicolai Kristiansen.

Det er flest registrerte fritidsbåtar i Oslo, med Bergen og Kristiansand på andre- og tredjeplass. Statistikken er delt inn etter talet på registrerte båtar på fylkes- og kommunenivå, og viser blant anna at Viken er fylket med flest båtar registrerte i Noreg, med i overkant av 120.000 registrerte fritidsbåtar under 15 meter.

Publisert: 17.03.2022 11:03

Sist oppdatert: 17.03.2022 11:04

Mer om