Atlanterhavsparken får støtte
Skal fremje sjømatmatglede.
– Sjømat er både godt og sunt. Likevel et vi for lite av det i Noreg. Særleg barn og unge et for lite sjømat. Det ønsker regjeringa å gjere noko med. Difor er det gledeleg å sjå at det er så mange gode sjømatprosjekt land og strand rundt som vil bidra til meir matglede hos barn og unge, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen, i ei pressemelding.
Det er løyvd om lag 3 millionar kroner til sjømattiltak i 2021. Sjømattiltaka skal bidra til meir kunnskap og engasjement om sjømat blant barn og unge. Både organisasjonar og privatpersonar har søkt om pengar. I år får 14 av 31 søkerar tildelt pengar til sjømattiltak.
Stiftelsen Atlanterhavsparken i Ålesund får 150.000 kroner.
Publisert: 17.09.2021 07:50
Sist oppdatert: 17.09.2021 07:52