Kort fortalt

Atlantic Seafood-eigar fengsla på nytt

Politiet fekk ikkje medhald i sitt ønske.

Marius Rosbach
04.04.2023

Daniel Andersen som har vore eigar av Atlantic Seafood på Moltustranda, blei før helga fengsla for fire veker i Troms og Senja tingrett. Det melder Intrafish.

Mannen bak den konkursråka Herøy-bedrifta vart arrestert i Litauen, der han har vore i varetekt i påvente av ei utlevering til Norge.

Politiet bad om 12 veker i varetekt, men fekk ikkje medhald for dette frå retten.

Andersen er sikta for momsunndraging i Litauen, og arrestasjonen skal ikkje ha noko med konkursen på Moltustranda å gjere. Han stiller seg uforståande til siktinga, opplyser forsvararen Birte Hansen Nordgård til nettavisa.

Publisert: 04.04.2023 10:43

Sist oppdatert: 04.04.2023 10:43

Mer om