Kort fortalt

Atten parti stiller liste i Møre og Romsdal

Fleire nye parti i fylke.

16.04.2021

(NPK-NETT.NO): Møre og Romsdal valdistrikt har fått 18 vallister til Stortingsvalet 2021, ifølgje ei melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Alle parti som er representerte på Stortinget i dag har levert lister. I tillegg stiller blant anna Alliansen – Alternativ for Noreg, Demokratane, Folkeaksjonen Nei til meir bompengar, Helsepartiet, Industri- og næringspartiet, Liberalistane, Partiet Dei Kristne, Partiet Sentrum og Pensjonistpartiet lister.

Ved Stortingsvalet 2021 skal det veljast åtte mandat frå Møre og Romsdal til Stortinget.

I Vestland fylke er det kome inn 18 lister i Sogn og Fjordane og 22 lister i Hordaland. Sjølv om dei tidlegare fylka, er slått saman, skal dei velje kvar sine representantar. Hordaland har i dag 16 og Sogn og Fjordane 4 representantar.

Publisert: 16.04.2021 12:50

Sist oppdatert: 16.04.2021 12:55

Mer om