Kort fortalt

Auka beredskap i Møre og Romsdal

Stenger sjukehus for besøkande.

Marius Rosbach
07.12.2021

Etter at to pasientar og to tilsette har testa positivt for korona, blir Volda sjukehus stengt for besøkande, opplyser Helse Møre og Romsdal i ei melding. Smitten er oppdaga ved to ulike seksjonar, og all aktivitet her er utsett.

Tysdag melder også helseforetaket at beredskapen blir heva til grønt nivå. Årsaka er fleire innlagte covid-smitta pasientar og meir press på kapasiteten ved sjukehusa.

24 pasientar er tysdag innlagt med koronasmitte ved Ålesund og Molde sjukehus, ifølgje meldinga frå helseforetaket.

Publisert: 07.12.2021 15:14

Sist oppdatert: 07.12.2021 15:15

Mer om