Kort fortalt

Auka overskot for Equinor

Tener på høgare prisar.

26.07.2018
NPK-NTB: Equinor enda med eit resultat før skatt på 3,52 milliardar dollar i andre kvartal. Det er 230 millionar meir enn i same perioden i fjor.
Overskotet utgjer rundt 28,7 milliarder kroner etter gjeldande kurs.
Inntektene til det delvis statlege oljeselskapet – som på denne tida i fjor fortsatt heitte Statoil – auka med 3,2 milliarder dollar til 18,07 milliarder, viser kvartalstala som vart lagde fram torsdag morgen.
– Vi skaper verdi ved høgare prisar og leverer solide resultat og kontantstraum frå drifta. Dette kvartalet leverer vi svært sterke resultat frå den internasjonale verksemda vår, mens nye felt, auka vedlikehald og ein del kvartalsspesifikke element bidrar til litt høgare kostnader på norsk sokkel, seier konsernsjef Eldar Sætre i ei pressemelding.
– Dette understrekar kor viktig det er med framleis kostnadsfokus i heile organisasjonen. Vi er i rute for å levere på guidinga vår til kapitalmarknaden.
Driftsresultatet vart forbetra med nesten 600 millionar dollar frå andre kvartal i 2017. I år gav drifta eit overskot på 3,84 milliardar dollar.
Det er foreslått å halde fast på eit utbytte på 0,23 dollar per aksje for andre kvartal. Utbetalinga skjer i november, og det er også da selskapet kunngjer kva utbyttet blir i norske kroner.

Publisert: 26.07.2018 08:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38