Auka sal av oppdrettsfisk
Ikkje berre laks, også torsk og kveite.
Salet av oppdrettsfisk auka med 10,2 prosent frå 2020 til 2021. Auken gjeld først og fremst salet av laks, men det er også gode tal for torsk og kvite.
Det vart selt totalt 1.640,5 tusen oppdrettsfisk i 2021. Laks er viktigast med 1.446 tonn, noko som utgjer 94 prosent. I tillegg vart det selt 88,8 tonn regnbogeaure og 5,6 tonn andre fiskearter, melder Fiskeridirektoratet.
I tillegg til dette vart det også selt 2,3 tusen tonn blautdyr, krepsdyr og pigghud (hovudsakleg blåskjel og 0,3 tusen tonn algar i 2021.
Det var Troms og Finnmark som selde mest oppdrettsfisk i 2021, men Nordland kom like bak. Totalt vart det selt 363.584 tonn oppdrettsfisk til ein verdi av 17,3 milliardar kroner i Troms og Finnmark i 2021. Nordland selde 354.748 tonn oppdrettsfisk til ein verdi av 18 milliardar kroner.
Det betyr at Nordland i snitt oppnådde høgare salspris pr. kilo enn Troms og Finnmark. Gjennomsnittleg salspris pr. kilo i Troms og Finnmark vart 47,57 kroner, medan Nordland hadde ein gjennomsnittleg salspris på 50,71 kroner kiloen.
Det kan vere ulike årsaker til prisskilnaden. Det kan vere salstidspunkt, storleik på fisken og etterspurnaden.
Statistikken viser elles at Vestland kjem på tredjeplass, Trøndelag på fjerde, Møre og Romsdal på femteplass og Rogaland på sjette når det gjeld sal av oppdrettsfisk.
Laks er den dominerande fisken, men det vart også registrert ein auke i salet av torsk og kveite frå oppdrett. I 2020 vart det selt 662 tonn i 2020, medan talet auka til 1622 tonn i 2021. Salet av kveite auka frå 1870 tonn i 2020 til 2716 i 2021.
Publisert: 27.05.2022 15:52
Sist oppdatert: 27.05.2022 15:53