Kort fortalt

Aukande vekst i norsk økonomi

Mest vekst i privat tenesteproduksjon.

11.09.2018
NPK-NTB: Veksten i bruttonasjonalprodukt (BNP) for Fastlands-Noreg var på 0,8 prosent i månadene mai til juli, samanlikna med tremånadersperioden før.
Fastlands-BNP auka med 0,2 prosent frå juni til juli, melder , som frå tysdag publiserer norske BNP-tal kvar månad.
Det største bidraget til tremånadersveksten i Fastlands-BNP kom frå privat tenesteproduksjon. Auken på 1,1 prosent i tenesteproduksjonen var breitt samansett, der både tenester retta mot næringslivet og mot hushald aukar. Sjølv om det var god vekst for tenestenæringane samla for perioden mai-juni, gjekk likevel aktiviteten litt ned i juli samanlikna med månaden før. Dette var i stor grad ein konsekvens av svake tal for varehandelen.
Konsumet i offentleg forvaltning viser ein stabil vekst og auka med 0,4 prosent i perioden.

Publisert: 11.09.2018 10:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37