Kort fortalt

Aukar renta

0,25 opp i Sparebank1 SMN.

26.03.2019
Sparebank 1 SMN aukar renta på bustadlån med inntil 0,25 prosentpoeng. Lavaste bustadslånsrente blir 2,40 prosent på førsteheimslån til LO-medlemar under 34 år, opplyser banken i ei pressemelding.
Banken opplyser at det er fleire faktorar som påvirkar banken si beslutning om å auke renta, og viser spesielt til at 21. mars sette Norges Bank opp styringsrenta.
- Renteauken i Norges Bank kjem ikkje som nokon overrasking. Ei undersøking Sparebank 1 fekk utført nyleg viser at sju av ti låntakarar rekna med at renta vil gå opp i 2019.
- Vi trur bustadslånskundane raskt vil kunne innstille økonomien på noko auka kostnaderr, seier konserndirektør Nelly Maske i banken.

Publisert: 26.03.2019 08:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35