Kort fortalt
Aukar renta
Fleire bankar med renteauke.
21.12.2023
Danske Bank, Sparebank1 og Sparebanken Sogn og Fjordane har denne veka varsla at dei set opp renta på lån og innskot med 0,25 prosent, etter at Noregs Bank auka styringsrenta med 0,25 prosent tidlegare i desember.
Ørskog Sparebank har utsett vurderinga om ein eventuell renteauke til neste rentemøte i Noregs Bank. Det er i januar 2024.
Publisert: 21.12.2023 08:50
Sist oppdatert: 21.12.2023 08:50