Kort fortalt

Auke i dødsulykker på næringsfartøy

Utviklinga bekymrar Sjøfartsdirektoratet.

Marius Rosbach
15.02.2021

(NPK): Talet på både skipsulykker og personulykker auka i 2020. Utviklinga innan dødsulykker bekymrar Sjøfartsdirektoratet

Åtte sjøfolk mista livet som følgje av ulykker på norske skip i fjor. I tillegg omkom fem personar på utanlandske fartøy i norsk farvatn, eller i ulykker som involverer norske skip. Dette er ein auke på ti dødsfall frå året før.

– Dette er noko vi tar på største alvor, og vi vil no sjå nærmare på dei ulike ulykkene for å sjå kva som kan gjerast for å unngå slike ulykker, seier sjøfartsdirektør Lars Alvestad i ei pressemelding.

Av dei 13 dødsulykkene kom åtte av personulykker, medan dei resterande fem kom av skipsulykker.

Blant personulykkene var det støyt/klemskadar (tre), fall til sjø (to), i tillegg til forgifting, fall om bord, og ukjent (éin kvar) som medførte dødsfall. Blant skipsulykkene var det kollisjon (tre), i tillegg til brann og ukjent (éin kvar) som medførte dødsfall.

Det er registrert åtte omkomne på fiskefartøy og fem omkomne på lasteskip. Det er ikkje registrert nokon omkomne på passasjerskip i 2020.

Totalt har Sjøfartsdirektoratet registrert 524 ulykker på næringsfartøy i 2020. Dette er ein auke på 63 ulykker samanlikna med 2019. Størsteparten av ulykkene som førte til personskadar skjedde på fiskefartøy (43 prosent) og på lasteskip (42 prosent).

(©NPK)

Publisert: 15.02.2021 16:00

Sist oppdatert: 15.02.2021 16:06

Mer om