(NPK): Nye tal viser at det var meir rømt oppdrettslaks i enkelte elver i fjor.
Ein stor del av auken skuldast ei enkelt lakserømming utanfor Trondheimsfjorden i mai 2024, som påverka elvene i Trøndelag og Møre og Romsdal, skriv Havforskingsinstituttet (HI).
HI-forskar Kjell Rong Utne forklarar at andelen rømt laks i desse fylka var den høgaste sidan overvakinga starta i 2014. Heile 70 prosent av den rømte oppdrettslaksen i nærleiken av Trondheimsfjorden kom frå denne eine hendinga. I resten av landet var andelen rømt laks i elvene omtrent som året før.
Overvakinga blir gjennomført årleg i 196 utvalde vassdrag, og resultata blir presenterte i ein årleg rapport. Forskarane brukar ulike fangstmetodar, inkludert drivteljingar og skjelprøver frå sportsfiskarar. Sportsfiskarar blir oppmoda til å sende inn skjelprøver, då desse er ei viktig datakjelde.
(©NPK)
Publisert: 16.06.2025 10:34
Sist oppdatert: 16.06.2025 10:34





