Seks firma vil ha jobben med å utbetre ein rasfarleg flaskehals på E45 på Finnmarksvidda, ifølgje ei pressemelding frå Statens vegvesen.
E45 er vegen mellom Alta og Kautokeino og det skal mellom anna lagast 1,1 kilometer med ny veg. Fristen for å levere tilbod var 2. desember og Aurstad Tunnel frå Ørsta er mellom dei som deltek.
Deira tilbod er nest rimelegast, og ligg på 47,3 millionar kroner utan moms. Anlegg Nord er nokre få hundretusen lågare, medan det høgaste tilbodet frå Leonhard Nilsen & Sønner er på 86,8 millionar, ifølgje meldinga.
Publisert: 03.12.2025 10:23
Sist oppdatert: 03.12.2025 10:23





