Kort fortalt

Austevoll-båt var først

Tok den første nordsjøsilda.

16.05.2018
NPK: «Radek» frå Austevoll sikra den første fangsten av nordsjøsild i år.
– Me var på aktiv jakt og leitte. Me såg ein god del mindre flekkar før me kom over ein større flekk på 250 tonn, fortel reiar Arild Sekkingstad til .
Fangsten blei meldt inn like før klokka 18 sundag og blei teken i same område som dei fekk fangst 18. mai i fjor, sør av Heimdalfeltet i Nordsjøen.
Silda var i snitt 155 gram stor og prisen var på 3,21 kroner kiloen. I fjor låg prisen på 3,50 kroner kiloen i starten av sesongen.

Publisert: 16.05.2018 08:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39