NPK-Peder Skjelten: Bønder som produserer mjølk og lammejøt, får redusert omsetningsavgifta neste år, medan avgifta aukar for svin, storfe og egg.
Landbruks- og matdepartementet har bestemt satsane på ei rekke av omsetningsavgiftene i landbruket for neste år, skriv Nationen.
På mjølk går avgifta frå nyttår ned frå ni til åtte øre per liter.
Det er Omsetningsrådet som vedtek omsetningsavgifta på kjøt. Dei har vedteke at avgifta skal gå ned med 20 øre per kilo på lam og sau.
For svin er det vedteke ein auke på 20 øre per kilo og 10 øre per kilo for storfe. Omsetningsavgifta aukar også på egg, til 80 øre per kilo.
Avgifta på pelsskinn blir fjerna.
Publisert: 21.12.2021 07:02
Sist oppdatert: 21.12.2021 07:04