Kort fortalt

Avstemming om sommar- og vintertid

Røe Isaksen vil høyre på folket.

26.10.2018
NPK-NTB: Dersom Noreg skal følgje ei eventuell avskaffing av sommar- og vintertid i EU, må folket få seie si meining, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
– Dette kjem på dagsordenen fordi EU kanskje skal avskaffe skiljet mellom sommar- og vintertid. Skal vi gjere det, må vi ta med folk på råd, seier nærings- og «tidsminister» Røe Isaksen til .
Ettersom EU enno ikkje har avgjort spørsmålet, bør Noreg gjennomføre ei folkeundersøking for å kunne vere med på diskusjonen, meiner han.
– Vi har sett til andre land som allereie har hatt nettavstemmingar og innbyggjarundersøkingar. Å gjere noko sånt utan å bruke for mykje pengar, trur eg kan vere ein god idé, seier statsråden.
Klokka 3 natt til søndag skal vi endå ein gong skru klokka ein time bakover – mot sommaren. Effekten er ein litt lysare morgon, men at det blir tidlegare mørkt på ettermiddagen.
Tradisjonen med å veksle mellom sommartid og vintertid går tilbake til første og andre verdskrigen og oljekrisa på 1970-talet. Den gong vart vekslinga innført for å spare energi. Noreg har hatt same tidsordning som EU-landa sidan 1996.
Nyare forsking viser likevel at energisparinga i våre dagar er marginal, uttalte EUs energikommissær Maros Sefcovic i september. Det er meininga at EU vil innføre skiftet allereie frå hausten 2019, men dei har presisert at det vil vere opp til kvart enkelt medlemsland å følgje etter.

Publisert: 26.10.2018 14:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37