NPK-NTB-Alexander Vestrum: Noreg har underteikna maritime avgrensingsavtalar for Smutthavet med Island og Danmark. Avtalen med Danmark omfattar òg Færøyane.
Statssekretær Jens Frølich Holte (H) underteikna på vegner av Noreg under Nordisk råds sesjon i Stockholm. I tillegg har Island underteikna ein avtale med Danmark/Færøyane.
– Desse avtalane vil skape klåre og føreseielege vilkår med omsyn til framtidig ressursutnytting i Smutthavet. Forhandlingsprosessen har vore prega av det gode havrettslege samarbeidd mellom Noreg, Island og Danmark, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).
Dei tre avtalane gjeld avgrensing av kontinentalsokkelen utanfor 200 nautiske mil i den sørlege delen av , det vil seie i området mellom Færøyane, Island, Fastlands-Noreg og Jan Mayen. I dette området har Noreg, Island og Danmark overlappande kontinentalsokkel.
Avtalane klargjer kvar grenselinjene mellom norsk, islandsk og dansk sokkel skal trekkast. Dermed blir det òg klart kva for ein stat som har rett til ressursar som finst på havbotnen.
Avtalane trer først i kraft når begge partar i den enkelte avtalen har ratifisert han, og i Noreg trengst samtykke frå Stortinget.
– Regjeringa vil no starte arbeidet med å legge fram avtalane for Stortinget, slik at dei kan tre i kraft, seier utanriksministeren.
Forhandlingane som leidde fram til semja, starta i 2016, men allereie i 2006 underteikna dei tre statane ein forhandlingsprotokoll om avgrensing.

Publisert: 31.10.2019 08:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32