Kort fortalt

Avtale for sild og kolmule

Men usemje om fordelinga.

07.11.2018
NPK: Kyststatane er blitt samde om forvaltninga av sild og kolmule i 2019, men partane er framleis ueinige om fordelinga landa imellom.
Totalkvoten (TAC) for silda neste år blir på 588.562 tonn. Det er ein stor auke frå totalkvoten på 435.000 tonn i fjor.
– Eg er nøgd med at vi er blitt samde om ein ny plan som sikrar berekraftig fangst og samtidig eit noko høgare uttak av sild, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik.
Landa har ikkje klart å bli samde om kor stor del av totalkvoten kvart land skal ha.
– Eg er skuffa over at Noreg, EU, Færøyene, Island og Russland ikkje har klart å bli samde om fordelinga av delar på partane, seier Nesvik.
Frå norsk side vart det gjort framlegg om å starte eit felles vitskapeleg arbeid for å kartleggje utbreiinga av sildebestandane i nasjonale soner og i internasjonalt farvatn.
Russland, som ikkje deltok på det siste forhandlingsmøtet, har støtta forslaget om eit slikt arbeid. Dei andre kyststatane ønskjer derimot ikkje å delta i ei ny kartlegging av sonetilhøyringa til silda.
Det er også inngått avtale om forvaltninga av kolmule for neste år mellom kyststatane Noreg, EU, Island og Færøyene. Avtalen inneber ein totalkvote for neste år på 1.143.629 tonn. Det er ein mindre reduksjon frå i år. Heller ikkje for kolmule er det oppnådd semje om kor mykje av kvoten kvart enkelt land skal få.

Publisert: 07.11.2018 19:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36