Kort fortalt

Avviser patentklage mot Herøy-selskap

Oppdrettsselskap håpar på utviklingsløyve.

28.10.2019
Patentstyret har forkasta klagen frå Hauge Aqua om eit nytt konsept for fiskeoppdrett frå Marad Norway i Herøy, skriv .
Hauge Aqua meinte at teknologien Herøy-selskapet hadde fått patentert, ikkje representerte noko nytt. Det var ikkje Patentstyret samd i, og forkasta innvendingane.
No håpar Aasmund Torvik i Marad at dei skal få medhald i sin klage på at dei ikkje fekk utviklingsløyve frå Fiskeridirektoratet.
– Vi har mange bedrifter her på Sunnmøre som leverer utstyr til oppdrettsbransjen. Å få utviklingsløyve kan styrke heile næringslivet, seier han til avisa.

Les også:


Publisert: 28.10.2019 21:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32