NPK: Sunnmøre Regionråd avviser etter eit ekstraordinært møte måndag at det skal vera ein konflikt blant ordførarane på Sunnmøre om samferdselsprosjektet Nordøyvegen.
Det fortel fleire media. Før helga blei det fortalt at styreleiaren i Sunnmøre Regionråd, Jan Ove Tryggestad (Sp) hadde kalla inn til krisemåte for å roa gemytta mellom fleire ordførarar i søre og nordre delen av Sunnmøre etter kraftig uro og usemje rundt finansiering av det store vegprosjektet.
Tidlegare har det kome fram at Nordøyvegen, som skal knyta Haram og Sandøy saman med fastlandet i Møre og Romsdal, blir langt dyrare enn ein har rekna med. Kostnadssprekken blei i sommar sagt å vera ein milliard kroner.
Etter det ekstraordinære møtet i Sunnmøre Regionråd blir det ifylgje Sunnmørsposten streka under at det ikkje er nokon konflikt blant ordførarane om prosjektet, og at ein no må venta på meir informasjon til fylkestinget har behandla kostnadssprekken i oktober.

Publisert: 27.08.2018 18:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37