Kort fortalt
Babyutstyrsbutikk melde oppbod
Konkurs for Ørsta-butikk.
Marius Rosbach
05.02.2024
Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i A Baby As, etter at selskapet melde oppbod.
Firmaet har drive sal av klede og utstyr til dei minste, og hadde for eit par år sidan ei omsetning kring to millionar. I 2022 sank inntekta til drygt millionen.
To av dei tre siste åra har gått med underskot for selskapet, og eigenkapitalen var i minus ved utgangen av 2022.
Firmaet har tidlegare hatt eitt årsverk, men hadde ikkje tilsette då verksemda blei innstilt. Gjelda i selskapet er på kring 570.000 kroner og verdiane er anslått til 390.000, ifølgje rettspapira.
Bustyrar i saka er Linda Brevik og første skiftesamling er 13. mars.
Publisert: 05.02.2024 11:45
Sist oppdatert: 05.02.2024 12:00