Kort fortalt

Badstove er bra

Det viser finsk studie.

NPK
11.08.2022

Forskarar meiner at badstovebading er ei livsstilsendring som burde bli gjort tilgjengeleg for fleire, da det aukar opptaket av oksygen i blodet og styrker hjartet.

Det skriv forskning.no.

Det er forskarar i Finland som har utført ein studie over åtte veker med tre ulike grupper: Ei som trener, ei som trener og går i badstove og ei som ikkje gjorde noko.

Forskinga viste at dei som trena og dei som trena og gjekk i badstove, alle hadde auka oksygenopptaket, samanlikna med dei som ikkje gjorde noko.

Dei som hadde gått i badstove, hadde aller størst auke i opptaket av oksygen i blodet. Dette er positivt i forhold til å førebyggje hjarte- og karsjukdom.

I tillegg fekk dei redusert både blodtrykket og kolesterolet i løpet av desse vekene. Dei som berre trena hadde ingen signifikante endringar i blodtrykk og kolesterol.

Forskarane meiner at studien også tyder på at det ikkje er farleg for folk med risiko for hjarte- og karsjukdommar å bruke badstove.

Dei som allereie har ein hjartesjukdom, blir derimot framleis åtvara mot badstove, ifølgje nhi.no.

Publisert: 11.08.2022 04:45

Sist oppdatert: 11.08.2022 04:46