Sparebank 1 Søre Sunnmøre vann anbodskonkurransen om hovudbankavtale med Herøy kommune.
Avtalen gjeld frå 1. september 2021 og varer i tre år, med høve til å forlengje den med eit pluss eitt år.
Noverande hovudbank for kommunen er Danske Bank, som har vore hovudbank i dei to siste anbodsperiodane.
Kommunedirektør Trond Arne Aglen er glad for at ein lokal bank vann fram i anbodskonkuransen.
- Det vil skje så mykje viktig i kommunen framover med kommunale investeringar og næringsutvikling. Det er derfor viktig at vi har ein god dialog med banken framover, seier Aglen i ei pressemelding.
Publisert: 05.07.2021 10:30
Sist oppdatert: 05.07.2021 10:46